Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Psykosar hos barn, unge og vaksne - mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar
Psykose er ein forvirringstilstand der ein kan ha vanskar med å skilje fantasi frå verkelegheit. Det finst fleire typar behandling. Mange som får behandling blir betre, og nokon blir heilt friske.
Psykose er en forvirringstilstand der man kan ha vansker med å skille fantasi fra virkelighet. Det finnes flere typer behandling. Mange som får behandling blir bedre, og noen blir helt friske.
Ta kontakt med fastlegen eller helsesjukepleiar på skolen
Er du bekymra for deg sjølv eller for nokon du kjenner, bør du kontakte fastlegen. Fastlegen kan hjelpe deg å vurdere om du treng hjelp. Fastlegen kan også tilvise til vidare utgreiing og behandling ved behov.
Barn og unge og deira pårørande kan også kontakte helsesjukepleiar på skolen eller helsestasjon for ungdom. Dei kan gi råd og tilvise vidare til for eksempel barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).
Ring lokal legevakt
Dersom det hastar å få hjelp utanfor opningstida til fastlegen, kan du ringe legevakta på 116 117.
Akutteam og ambulante team
Det finst eigne akutteam ved fleire distriktspsykiatriske senter (DPS). Dei tilbyr rask vurdering og kortvarig oppfølging ved akutte psykiske kriser. Dei tilviser også vidare til andre behandlingstilbod når det er nødvendig. Ein del akutteam er ambulante, som vil seie at dei kan komme heim til deg.
Du treng vanlegvis tilvising frå fastlege eller legevakt for å få hjelp av eit akutteam.
Lågterskeltilbod for raskare hjelp
Det går ofte betre når ein kjem tidleg til behandling. Derfor finst det mange stader eigne team som skal sikre tidleg oppdaging og oppstart av behandling ved psykose. Nokre av desse teama kan du ta direkte kontakt med, utan tilvising frå fastlegen. Du kan ringe på vegner av deg sjølv, som pårørande, venn eller fagperson.
Teama er stort sett knytt til eit distriktspsykiatrisk senter (DPS), og kan ha litt ulike namn. For eksempel:
TIPS (Tidleg intervensjon ved psykose)
TOPS (Tidleg oppdaging av psykose)
TiRe (Tidleg intervensjon og rehabilitering)
Spør fastlegen eller kontakt ditt lokale DPS om du lurer på om det finst eit slikt tilbod der du bur.
Informasjon om lokale tilbod
Meir informasjon om lokale tilbod finn du på nettsidene til kommunen eller bydelen, og det lokale helseføretaket/sjukehuset ditt.
I tida før psykosen bryt ut kan det oppstå uklare teikn og plagar. Dette kan vere søvnforstyrringar, angst, depresjon eller sosial tilbaketrekking. Mange har over tid vore opptatte av eigen identitet. Nokon fungerer merkbart dårlegare sosialt, eller klarer ikkje å halde orden i kvardagen.
Det er fleire teikn på psykose som du eller dine næraste kan merke, som for eksempel å:
trekke seg tilbake frå familie og venner
vere redd for å forlate huset
kutte ut trening og hobbyar
sove dårleg eller snu døgnet
vere ekstremt opptatt av eit spesielt tema
gjere det dårlegare på skolen eller i jobb
ha problem meid konsentrasjon og minne
snakke om eller skrive ting som ikkje gir meining
få panikk, vere svært trist eller ha sjølvmordstankar
virke likeglad eller ha store svingingar i humøret
høyre stemmer som ingen andre høyrer, eller sjå ting andre ikkje ser
tru at andre lagar komplott, spionerer eller følger etter deg
tru at du blir påverka til å gjere ting av for eksempel TV eller radio
tru at du har spesielle evner og kan lese andres tankar
tru at tankane blir påverka av andre
ha uverkelegheitsfølelse
Ingen som er i ferd med å utvikle ein psykose vil oppleve alle desse teikna, men dei er ulike eksempel på kva du sjølv og dei næraste kan erfare.
Det finst fleire behandlingsmetodar ved psykose. Behandlinga av psykose kan også vere ein kombinasjon av ulike metodar.
Behandlingstilbodet blir tilpassa ønska og behova dine.
Samtaleterapi
Mange har god nytte av samtalebehandling, blant anna fordi det kan gi ei betre sjølvforståing. Kognitiv terapi er ei form for samtalebehandling. Behandlinga kan blant anna bidra til å redusere ubehag i samband med hallusinasjonar og redusere angst og depresjon.
Miljøterapi blir definert som ei planlagd tilrettelegging av dagleglivet i ei døgneining. Miljøterapi som omgrep omfattar både det psykososiale miljøet i eininga, det sosiale læringsmiljøet og relasjonen mellom miljøterapeuten og kvar enkelt pasient, noko som også gjer det til ein god arena for sosial ferdigheitstrening.
Ved innlegging i døgneining kan noko av behandlinga gå føre seg i grupper, som for eksempel psykoedukative grupper, meistringsgrupper, turgrupper og grupper for fysisk aktivitet.
Medisinar
Behandling med medisinar kan ta bort eller dempe symptoma. Dette kan bidra til at du i større grad kan bruke evnene og ressursane dine, få fullt utbytte av andre behandlingsformer og dermed klare deg betre.
Kunnskapsformidlande familiesamarbeid
Når nokon utviklar ein psykose, vil også familien bli påverka. Vanlege utfordringar for pårørande kan vere å forstå kva dei står overfor, korleis dei kan vere til hjelp og samtidig vareta seg sjølv.
Familien kan inviterast til eit strukturert samarbeid over tid. Dei får informasjon om psykose og behandlingstilbod, og dessutan støtte til å takle utfordringar i kvardagen. Eit slikt tilbod kan givast til éin familie aleine eller til fleire familiar i same gruppe.
Kunnskapsformidlande familiesamarbeid kan redusere talet på tilbakefall og gjere det lettare å fungere sosialt.
Individuell jobbstøtte er ein måte å hjelpe personar med psykisk liding til vere i ordinært arbeid.
Musikkterapi
Musikkterapi er ei behandlingsform som kan ha positiv effekt ved psykoseliding. Musikkterapi kan verke positivt på motivasjon, kjensleliv og sosiale ferdigheiter.
Fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet kan redusere psykisk ubehag. All fysisk aktivitet tel, og litt er betre enn ingenting.
Det er viktig å vere fysisk aktiv og ha eit godt kosthald. Informasjon om betydninga av fysisk aktivitet, motivasjon til og tilrettelegging for aktivitet og trening bør inngå som ein viktig del av heilskapleg behandling.
Andre tiltak
For å sikre eit heilskapleg og samanhengande behandlingstilbod, er det viktig med eit godt samarbeid med aktørar som for eksempel fastlege, kommunen, NAV, skole og arbeidsgivar. Behov for hjelp med bustad, økonomi, utdanning/arbeid og fritidsaktivitetar må inkluderast i kartlegging og behandling.
Oppfølging
Planlagd avslutning av pasientforløp for psykose skjer etter avtale mellom deg og behandlaren din. Helsehjelpa skal evaluerast, og ei samla evaluering av behandlinga bør gåast gjennom når de avsluttar forløpet.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.