Diagnose, Hyperemesis
Svangerskapskvalme
Nær alle kvinner opplever noko kvalme eller oppkast når dei er gravide. Den vanlegaste svangerskapskvalmen er plagsam og ein kan føle seg veldig sjuk, men kvalmen fører som oftast ikkje til ernæringssvikt eller sjukdom hos mor eller foster.
Vanleg svangerskapskvalme
Kvalmen er verst dei første 12 vekene, og etter kvart som svangerskapet utviklar seg vil kvalmen avta. Kosttendring (små, proteinrike måltid) og hjelpemiddel som akupressur, ingefær eller reseptfri kvalmestillande medisin kan hjelpe mot kvalmen. Spør fastlegen eller apotekpersonell om råd.
Alvorleg svangerskapskvalme
Nokon gravide (1-3 prosent) utviklar alvorleg svangerskapskvalme - hyperemesis gravidarum - som kan føre til væsketap (dehydrering), elektrolyttforstyrringar og ernæringssvikt, og treng som oftast behandling på sjukehus.
Intens kvalme og oppkast påverkar arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar. Den mest frykta, men sjeldne komplikasjonen for mor, er hjerneskade grunna mangel på vitamin B1 (tiamin).
Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd for tidleg eller bli fødd med låg fødselsvekt. Risikoen for dette er auka om kvinna ikkje får korrigert væske- og næringsinntaket. Det er derfor viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling - og at dei følger behandlingsopplegget og råd frå lege / jordmor.
Tilvising og vurdering
Svangerskapskvalme kan bli gradert ved eit spørjeskjema som på norsk kallast SUKK - SvangerskapsUtløyst Kvalme Kvantifisering (på engelsk heiter skjemaet PUQE) og inneheld tre spørsmål:
- Kor mange timar per døgn er du kvalm
- Kor mange gonger har du brekt deg
- Kor mange gonger har du kasta opp?
Høg skår betyr at du har alvorleg svangerskapskvalme.
Legen gjennomgår SUKK-skjema med kvinna og graderer deretter svangerskapskvalmen som lett, moderat eller alvorleg. Det vil bli undersøkt om det kan vere andre sjukdommar / faktorar som kan vere årsak til kvalmen.
For pårørande kan det vere vanskeleg å forstå kor sjuk ei kvinne med hyperemesis kan føle seg / er, men det er viktig at kvinna får god støtte av familie og vennar og at hun føler at dei er der for ho. Angst, uro, ustabil partnar / heimesituasjon kan forverre tilstanden. Det kan vere vanskeleg for pårørande å skjønne kor sjuk ein faktisk føler seg og er med hyperemesis. Samtale med lege, jordmor eller anna kompetent helsepersonell kan vere til god hjelp for mange.
Før
Vekta til den gravide vil bli målt og vektutviklinga blir fulgt opp. Ultralydundersøking blir utført for å bekrefte svangerskapslengda og velbefinnande hos fosteret. Det vil også bli tatt urin- og blodprøvar blant anna for å kontrollere salt-, elektrolytt- og ernæringsstatus.
Under
Gravide med alvorleg svangerskapskvalme treng oftast innlegging på sjukehus.
Kvinna får kvalmestillande behandling og tilførsel av væske, elektrolyttar og næring, inkludert vitamintilskot.
Den beste måten å få tilført næring og nødvendige vitaminar (om ein ikkje klarer å ete / drikke sjølv) er å få dette tilført ved hjelp av ei sonde – at ein tynn slange blir lagt ned i magesekken. Næringsløysing blir tilført via sonden.
Under sjukehusopphaldet blir allmenntilstanden, vekt, urin- og blodprøvar kontrollert regelmessig. Når allmenntilstanden er betra, kan den gravide utskrivast med avtale om vidare kontroll og korleis behandlinga skal følgast opp heime. Mange blir utskriven frå sjukehuset med sonde og forset med sondeernæring heime.
Etter
Ro, og moglegheit for kvile og søvn er sentralt i behandlinga av tilstanden. Dette kan vere krevjande å få til om det f.eks. er fleire barn i familien. Partnar, familie og vener sin hjelp og støtte er avgjerande for at behandlinga skal gi effekt. Psykologisk støtte og ro er ein viktig del av behandlinga.
Sterke luktar kan provosere fram kvalme. Dei som er rundt den gravide bør derfor unngå å bruke sterk parfyme. Matlaging, mat som luktar, blomer - alt med sterk duft kan framkalle kvalme og brekningar. Derfor bør gravide med hyperemesis ikkje eksponerast for dette, verken på sjukehuset eller heime.
Et små måltider. Det første måltidet bør takast i senga. Det er lurt å ha kjeks og vann på nattbordet, for å spise før du står opp. Unngå å legge deg like etter eit måltid. Det kan hjelpe å ete før du vert svolten. Ein tom magesekk kan forverre kvalmen ved matinntak. Ein tåler drikke som oftast best kald, klar og med kullsyre, gjerne i små porsjonar mellom måltida. Ispinner kan være ein god måte å få i seg væske på. Varme, høg luftfuktigheit, høge lydar og bilkjøring, kan også forverre kvalmen.
Dei fleste går til fastlege/jordmor for vidare kontroll. Nokon vil trenge gjentatt behandling som kan bli gjort poliklinisk (utan innlegging på sjukehus). Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg kan det bli nødvendig med ny innlegging.
Pasientforeininga Hyperemesis gravidarum er ei foreining for kvinner med alvorleg svangerskapskvalme. Dei gir råd og hjelp, og mange har sjølv erfaring fra å ha vore sjuk med hyperemesis og kan gi gode råd og støtte.