Årsmelding forsking og utdanning 2025
Forskingsresultat og øyremerka tilskot
HMR mottar årleg eit øyremerkt tilskot til forsking berekna ut frå tidlegare oppnådde forskingsresultat. Resultata som blir vektlagde er talet på vitskaplege publikasjonar, talet på avlagde doktorgradar, tildeling av midlar frå EU og Noregs forskingsråd, samt bidrag til gjennomføring av kliniske behandlingsstudiar (KBS).

I 2025 blei det publisert 123 poenggivande vitskapelege artiklar med forfattarar frå HMR. Fire tilsette fullførte sin doktorgrad, og om lag 45 personar er i eit doktorgradssløp. Til saman kunne HMR tilby pasientane utprøvande behandling gjennom 49 ulike pågåande intervensjonsstudiar i året som var. 501 pasientar nytta denne moglegheita og lot seg inkludere i ein klinisk behandlingsstudie.
Dei oppnådde «resultatbaserte forskingsmidlane», som i 2025 var eit resultatbasert forskingstilskot på 5,2 millionar kroner, blir nytta direkte til føremål som støttar vidare utvikling av forskingsaktiviteten i føretaket, og blir fordelte årleg gjennom konkurranseutsette interne utlysingar av såkornmidlar og støtte til toårige forskingsprosjekt, samt noko driftsmidlar til dei tre etablerte forskingsgruppene AIMI, MORE og forskingsgruppa for OCD og angstlidingar, samt Ålesund Biomekaniske Lab.
For året som var kan HMR og vise til ei 200% auking i talet på søknadar til Samarbeidsorganet! Eit resultat av målretta innsats for å mobilisere kring eksterne finansieringsmoglegheiter, kor 17/24 søknadar var rangerte som støtteverdige - eit vitne om høg kvalitet og ekstern konkurranseevne.
