Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livet som doktorgradskandidat

Livet som doktorgradskandidat: Thorstein Eide

Thorstein Olsen Eide forskar på 4-dagars behandling (B4DT) for panikklidingar. Denne typen kognitiv åferdsterapi har allereie vist seg å vere svært effektiv for pasientar med tvangsliding/OCD. Doktorgradsprosjektet gir han høve til å kombinere klinisk erfaring og forskingskompetanse for å sikre eit best mogleg tilbod til pasientar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 17.06.2024
Sist oppdatert 18.06.2024
En mann som smiler til kameraet

Kven er du, og kva jobbar du som i Helse Møre og Romsdal?

Eg heiter Thorstein Olsen Eide og jobbar som psykolog ved Molde DPS Knausensenteret i Helse Møre og Romsdal. I tillegg til det kliniske arbeidet mitt, er eg også doktorgradsstipendiat ved Senter for Krisepsykologi ved Universitetet i Bergen. Eg er òg tilknytt Bergen Center for Brain Plasticity ved Haukeland universitetssjukehus, som blir leia av psykologspesialist og professor Bjarne Hansen, og nestleiar psykologspesialist og førsteamanuensis Kristen Hagen.

Kan du fortelje litt om doktorgradsavhandlinga di?

Eg forskar på 4-dagers behandling (B4DT) for panikklidingar. Denne intensive forma for kognitiv åtferdsterapi gir pasientar behandling over fire påfølgjande dagar. Behandlinga vart utvikla i Bergen, med Bjarne Hansen i spissen, og har allereie vist seg å vere svært effektiv for pasientar med tvangsliding/OCD i fleire studiar. Ho har òg blitt vidareutvikla for å kunne brukast i behandling av angstlidingar, inkludert panikkliding og sosial fobi. Behandlinga har vist seg å ha god effekt ved behandling av panikkliding, slik det vart undersøkt i Bergen. Ho er no i bruk ved omlag 50 klinikkar i heile Noreg og har spreidd seg til andre land, som Island, Sverige, Finland, Tyskland, USA og Singapore. Målet med doktorgradsprosjektet mitt er å sjå kor godt 4-dagers behandling fungerer når ho blir implementert ved nye klinikkar og utført av nye behandlarar. Eg studerer òg langtindsverknaden av 4-dagars behandlinga for pasientar med panikkliding.

Kvar er prosjektet ditt tilknytt?

Prosjektet mitt er knytt til Forskingsgruppa for angst og tvangsliding ved Helse Møre og Romsdal, leia av forskingsgruppeleiar Kristen Hagen, kor eg har gleda av å jobbe saman med to gode stipendiatkollegaer, Kristian August Tjelle og Håvard Berg Opstad. Eg er òg tilknytt Bergen Center for Brain Plasticity og klinikken for 4-dagers behandling ved Haukeland Universitetssjukehus. Eg føler meg svært heldig som er ein del av eit så engasjert og dyktig forskingsmiljø, leia av Bjarne Hansen og Kristen Hagen.

Kva var bakgrunnen for val av tema og problemstilling(ar)?

Val av tema kom gjennom god rettleiing og planlegging innanfor forskingsgruppa mi. Når ei ny behandling blir utvikla og nye terapeutar og klinikkar tek den i bruk, er det svært viktig å kvalitetssikre at behandlinga oppnår dei resultata ein kan forvente basert på tidlegare forsking. Sidan eg tidlegare har hatt moglegheita til å delta i opplæring av nye klinikkar og terapeutar i dette behandlingsformatet, var moglegheita til  forske på dette ekstra givande for meg.

Kva var det som gjorde at du bestemte deg for å ta ein doktorgrad?

Eg har alltid hatt ei sterk interesse for forsking og angstbehandling sidan tidleg i psykologistudiet. Eg har alltid vore oppteken av å sikre at pasientar får behandling med best mogleg empirisk støtte, og har alltid sett stor pris på å kunne fordjupa meg i forskingslitteraturen innanfor eit fagfelt. Eg arbeidde som forskingsassistent under studiet, og dette gav meg ein sterk meirsmak for å halde fram med dette arbeidet. Eg tenkjer at kombinasjonen av forsking og klinisk praksis har alltid verka som eit ideal for meg, der ein kan knyte saman klinisk erfaring og forskingskompetanse for å sikre eit best mogleg tilbod til pasientar.

Korleis er det å kombinere den vanlege arbeidsdagen din her i HMR med doktorgradsarbeidet?

Å kombinere klinisk arbeid med doktorgradsstudiar er utfordrande, men også svært givande. Det krev god tidshandtering og støttande kollegaer. Eg er heldig som har god støtte frå arbeidsplassen og forskingsmiljøet mitt. Sjølv om det til tider kan vere hektisk, kan eg ikkje tenkje meg ein meir givande stilling, sidan eg får både klinisk erfaring og høve til å integrere all kunnskapen eg har fått gjennom doktorgradsarbeidet mitt i kvardagen min.

Kva tenker du er fordelane med å ta ein doktorgrad for ein person som jobbar i eit medisinsk- eller helsefagleg yrke?

Ein doktorgrad gir høve til fagleg fordjuping og utvikling, noko som kan kome både ein sjølv og pasientane til gode. Det gir òg høve til å bidra til fagfeltet med ny kunnskap. Ein doktorgrad gir ein større forståing for og høve til å vurdere andre si forsking og oversikt over empirien innanfor eige fagfelt, noko eg opplever som vesentleg både i forskingsarbeidet og i den kliniske kvardagen min.

Korleis vil du beskrive ditt lokale forskingsmiljø i HMR? Har det vore til hjelp i doktorgradsarbeidet ditt?

Det lokale forskingsmiljøet i Helse Møre og Romsdal er både inspirerande og støttande. Eg er svært heldig som har blitt ein del av Forskingsgruppa for angst og tvangsliding ved Helse Møre og Romsdal. Kristen Hagen, som er min hovudrettleiar og leiar for forskingsgruppa, har alltid vore tilgjengeleg for rettleiing og bidrege med verdifull støtte og hjelp i prosjektet. Eg er òg heldig som har to gode doktorgradskollegaer, Kristian August Tjelle og Håvard Berg Opstad. Det har vore svært nyttig å ha andre kollegaer i same situasjonen, både for støtte og for moglegheit til gode refleksjonar.

Kva er det beste med tida som doktorgradskandidat?

Det beste med tida som doktorgradskandidat er moglegheita til å fordjupa seg i eit emne ein brenn for, og å kunne bidra med ny kunnskap som kan gjere ein skilnad for pasientar. Eg har hatt gode rettleiarar som Bjarne Hansen, Kristen Hagen og Stian Solem, som har vore veldig sentrale i arbeidet mitt.

Er det noko du ikkje kjem til å sakne med å vere doktorgradskandidat?

Eg kjem ikkje til å sakne stresset og presset som følgjer med stramma tidsfristar og omfattande forskingsarbeid. Det kan vere svært krevjande til tider.

Har du nokre tankar om kva du vil drive med etter doktorgraden?

Etter doktorgraden ønsker eg å fortsette å jobbe med ein kombinasjon av både klinisk arbeid og forsking, då eg opplever at denne kombinasjonen bidreg til ein svært givande arbeidsdag.

Er det noko du skulle ønske nokon hadde fortalt deg då du var ny doktorgradskandidat?

Eg skulle ønske nokon hadde fortalt med kor viktig der er å finne ein god balanse mellom arbeid og fritid. Å ta vare på seg sjølv er avgjerande for å kunne yte sitt beste over tid.

Har du nokre tips til framtidige doktorgradskandidatar?

Mitt råd til framtidige doktorgradskandidatar er å vere tolmodige, søke støtte når det trengs, og ikkje vere redd for å feile. Læringskurva er bratt, men erfaringane er gull verdt.

Kva vil du seie til helsepersonell i HMR som vurderer å ta ein doktorgrad?

Eg vil oppmuntre helsepersonell til å vurdere ein doktorgrad. Det er ei unik moglegheit til å utvikle seg fagleg og bidra til viktige forskingsfunn som kan betre behandlinga og helsetilbodet for pasientane.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!