Ålesund Biomechanics Lab opnar nye lokale ved Ålesund sjukehus

- Det er ganske mange år med mykje arbeid som ligg bak dette her, seier doktogradsstipendiat Aleksander Skrede.

Petter Bjørklund
Publisert 12.01.2023
Sist oppdatert 10.05.2023

På fredag den 13. januar kl. 10 opnar Ålesund Biomechanics Lab (ÅBL) sine nye lokale ved Ålesund sjukehus.

Ortoped Andreas Dalen og doktogradsstipendiatane Aleksander Skrede og Øystein Bjelland ser fram til opninga, og seier det er kjekt å sjå det endelege resultatet etter fleire års arbeid.

- Det er ganske mange år med mykje arbeid som ligg bak dette her. Så dette her er utruleg kult rett og slett, fortel Skrede.

skrede.png

Doktorgradsstipendiat ved NTNU Aleksander Skrede s​er fram til å vise kva dei nye ÅBL-lokala har å by på.

Opninga vil føregå i samarbeid med NTNU, Helse Møre og Romsdal, Ortopedisk avdeling, og Sparebanken Møre.​​​​​