Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Månadens forskar - april 2016

Forskar på risikovurdering av vold og sjølvskading, i akuttpsykiatrien

Publisert 01.09.2020
Sist oppdatert 04.08.2023
John Olav Roaldset
Namn: John Olav Roaldset
Fødd: 1951
Stilling: Overlege, psykiatrisk avdeling, post.doc,  NTNU
Akademisk grad: Phd, spesialist i psykiatri
Forskingsfelt: Forskar på risikovurdering av vold og sjølvskading, i akuttpsykiatrien

Utvikla enklare hjelpemiddel for å vurdere vald og suicidalitet

Denne månaden skal vi bli betre kjend med John Olav Roaldset sitt hovudforskingsprosjekt.  Han ville gjerne finne ut korleis ein kan minimere risikoen for sjølvskading, vald og suicidalitet i samanheng med akutt innlegging på psykiatrisk avdeling.


Breiare tilnærming
Vurdering av risiko for vald, suicidalitet og sjølvskading i akuttpsykiatrisk samanheng er svært komplekst.  Tradisjonelt har dette vore gjort ut frå den enkelte behandlar si kliniske erfaring og skjønn. Dei seinare åra har det blitt utvikla instrument / prosedyrer  som hjelpemiddel til risikovurdedring. Desse er omfattande og krev spesialkompetanse. -Forskinga vår har vist at enkle risikovurderingsinstrument kan vere like bra som dei kompliserte, og at ei enkel sjekkliste som vert fylt ut etter samtale med pasienten,  kan vere eit viktig hjelpemiddel når ein skal vurdere om det er fare for at pasienten vil utøve vald eller skade seg sjølv.

Sjekklister
Sjekklista for vald (V-RISK-10, utvikla ved Oslo universitetssykehus i 2005) handlar om tidlegare vald og truslar, rusbruk, psykiske lidingar, innsikt i eiga liding, mistenksomheit, empati, urealistiske framtidsplanar,  og evne til stressmeistring og stressfaktorar i omgjevnadane.  Sjekklista har fått mykje internasjonal merksemd og er omsett til både engelsk, svensk, russisk og kinesisk.

Ei tilsvarande  sjekkliste for suicidalitet er MINI suicidalskala. Denne er utvikla internasjonalt for nokre år sidan og kartlegg suicidal tankegang og tildigare suicidalforsøk (tenkt seg å være død, ønska å skade seg, ønska å dø, planlagt å skade seg, forsøkt å ta livet sitt  den siste månaden, eller tidligare.

Biologiske faktorar: Risikovurderingar bygger i dag på psykososiale faktorer. -Vi ønska å undersøke om også biologiske faktorer  kunne være av betydning. Lipider (kolesetrol og triglycerider) og serotonin er av dei stoffa som har vore knytteatil aggresjon, og desse blei tatt med i prosjektet.

Pasienten blir involvert
 I tillegg til  helsepersonell sine eigne vurderingar er det viktig at pasienten sjølv  blir hørt; korleis han/ho sjølv vurderer  risikoen for å skade seg sjølv eller for å være voldeleg.  Det har gitt positive erfaringar at pasienten kan delta aktivt i si eiga behandling. Dette er ikkje nytt i den kliniske kvardagen, men det er ikkje tidlegare undersøkt om ei slik direkte medvirkning frå pasientane har betydning når det gjeld vold og suicidalitet. Pasienten si vurdering av risiko blei derfor tatt med i prosjektet.


Formål: å førebygge uønska hendingar i psykiatrien
Roaldset forklarar at det såkalla «risikoprosjektet» ved psykiatrisk avdeling på Ålesund sjukehus som ble gjennomført  i 2006-08, hadde to siktemål;  1). å undersøke ulike metodar til å vurdere risikoen for vald, suicidalitet og sjølvskading, og 2). så tidlig som moglegå kunne identifisere dei som treng vidare utgreiing av risikoen for suicidaltet, sjølvskading eller vald etter akuttinnlegginga. 

Dei som deltok var alle 489 akutt innlagde pasientar gjennom eit år, frå 2006 - 07. Blodprøver blei tatt ved innlegging, pasienten si eiga risikovurdering (SRS), MINI suicidalskala og V-RISK-10. blei skåra ved innlegging og utskriving. Risikovurderingane og blodprøvesvara blei deretter samanlikna med suicidalitet, sjølvskading og vold registrert under opphaldet  og 3 og 12 månader etter utskriving.

Dei viktigste biologiske resultata frå prosjektet
Låge verdiar av kolesterol hadde samanheng med vald, og høge tiglyceridverdiar hadde samanheng med suicidalitet og sjølvskading. Nokre få pasientar med gjentatte voldshandlingar var kjennetegna ved lave verdiar av HDL. 

 Serotonin hadde ingen samanheng med vald ellersjølvskading/suicidalitet.  Pasientens eigne risikovurderingar (SRS) hadde samanheng med både vald,ordsuicidalitet sjølvskading, særleg hadde positive utsagn (dvs at pasienten meinete det var risiko) stor betydning. Merkeleg nok har vi ikkje funne andre rapportar om pasientar si eigna risikovurdering i forskingslitteraturen, fortel Roaldset.

Begge sjekklistene viste svært gode resultat: V-RISK-10 har ikkje vore skikkeleg undersøkt (validert) tidlegare, og derfor var denne delen av prosjektet spesielt viktig. Her samarbeida vi med akuttpsykiatrisk avdeling ved Aker sjukehus.

Nytta av resultata - ein bio - psyko -sosial modell?
Resultatene for lipider og SRS var ikkje gode nok til at desse metodane kan anbefalast å bli brukt  som screeninginstrument åleine, men resultata var likevel så gode at det bør undersøkast meir om desse metodane; spesielt om dei lan kombinerast med andre metodar.. V-RISK-10 og MINI-suicidalskala viste gode eigenskapar som screeninginstrument.

Kombinasjonen av dei tre metodane (lipider, SRS og en sjekkliste; den «bio-psyko-sosiale modellen») viste betre resultat enn når V-RISK-10  og MINI-suicidalskala blei brukt åleine.  Det pågår no eit prosjekt på Akuttpsykiatrisk avdeling ved Oslo universitetssjukehus med den bio-psyko-sosiale modellen for voldsrisikovurderingar.  Vi har også eit prosjekt knytta til Helseundersøkelsen i  Nord-Trøndelag (HUNT) som undersøker om det er samanheng mellom kolesterolverdiar målt i HUNT og seinare sjølvskade/suicidalitet eller selvmord (PhD prosjekt  til overlege Wibeke Stuen Leira), avsluttar Roaldset. 

Av pågåande forskingsprosjekt Roaldset leiar kan vi nemne:
1. Risikovurdering av farlig atferd hos psykiatriske pasienter (REK-midt 2012/451, REK-Midt 4.2005.1716)
2. Voldsrisikovurdering i en akuttpsykiatrisk avdeling. Oslo universitetssykehuss. (REK-sørøst 2011/2655)
3. Valideringsundersøkelse av politiversjonen av Volds Risiko Sjekkliste10 - V-RISK-POL (REK Midt 2011/1583)
4. Prospektiv sammenheng mellom biologiske markører og selvskadeatferd i en befolkningsunderskelsen i Nord-Trøndelag (HUNT) (REK-midt 2012/409)
5. Prospektiv sammenheng mellom lipidmålinger og aggressiv atferd i en befolkningsundersøkelse (HUNT) (REK-2012/165)
6. Søvnvansker i svangerskapet og angst og depresjon etter fødselen (REK-sørøstC 2014/1480)