Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking, COVID-19

Nasjonal studie kan gi betre kunnskap om nyoppstått hovudpine etter korona-vaksine

- Årsakene bak hovudpinen er fortsatt uklare, og har vore bakgrunnen for at dette prosjektet vart starta i Noreg, fortel forskar Åse Hagen Morsund frå Molde sjukehus.

Petter Bjørklund
Publisert 08.05.2023
En kvinne med hendene på hodet
- På sikt kan denne hovudpinen mellom anna gå ut over arbeidsevne, eins evne til å gjennomføre aktivitetar man har vore vant til i kvardagen, og andre daglegdagse funksjonar, fortel forskar og nevrolog Åse Hagen Morsund. (Foto: Colourbox)

Biverknader etter vaksine er ikkje uvanleg, og er i dei fleste tilfelle ifølge HelseNorge​milde og forbigåande. Korona-​vaksinen har vore avgjerande for å ​​få kontroll på COVID-19-sjukdom og smitte blant befolkninga, og har redda svært mange frå alvorleg og livstruande sjukdom.​​​

Frå nervesystemet er hovudpine den vanlegaste biverknaden etter korona-vaksine. Sjølv om dei fleste tilfella er milde eller moderate og går over av seg sjølv opplev ​​nokre i sjeldne tilfelle ein meir vedvarande og alvorleg form for hovudpine etter vaksinasjon.​​

​- På sikt kan den mellom anna gå ut over arbeidsevne, eins evne til å gjennomføre aktivitetar man har vore vant til i kvardagen, og andre daglegdagse funksjonar, fortel forskar Åse Hagen Morsund.​

Morsund

DELTEK: - Årsakene bak hovudpinen er fortsatt uklare, og har vore bakgrunnen for at dette prosjektet vart starta i Noreg, seier forskar Åse Hagen Morsund. Ho er deltakande forskar i CovaxHEAD-studien.

Morsund er nevrolog og forskar ved Molde sjukehus, og er deltakande forskar i CovaxHEAD-studien: ein nasjonal studie som undersøker førekomst av og kjenneteikn på denne hovudpinetypen etter korona-vaksine.

CovaxHEAD er i regi av Oslo Universitetssjukehus og beskrive som eit nasjonalt samarbeidsprosjekt innan det norske hovudpinemiljøet med mål om å skaffe meir kunnskap og erfaringar rundt karakteristikkane og mekanismane bak hovudpinetypen.​

- Eit behov for meir kunnskap rundt dette

​Morsund fortel at det finnast lite kunnskap om hovudpinetypen, kva faktorar som forårsakar den, og kva behandlingsformer pasientgruppa kan ha nytte av.​​

- Det har vore behov for meir kunnskap rundt dette. Årsakene bak hovudpinen er fortsatt uklare, og har vore bakgrunnen for at dette prosjektet vart starta i Noreg.

Les også: Omfattande nasjonalt lang COVID-prosjekt fekk tildelt 20 millionar

Åtte sentrar på tvers av Noreg deltek i CovaxHEAD,​ deriblant Molde sjukehus som representerer Helse Møre og Romsdal.​ I skrivande stund har sentrane til saman inkludert cirka 75 pasientar nasjonalt.

Kvinne med hodepine

LITE KUNNSKAP: ​Det finnast lite kunnskap om hovudpinetypen, kva faktorar som forårsakar den, og kva behandlingsformer pasientgruppa kan ha nytte av​​.​​ (Illustrasjonsfoto: Colourbox)​

Pasientar som deltek i studien går først gjennom ein standard hovudpineutreiing for å kartleggje hovudpinen. Her undersøker forskarane mellom anna intensitet og hyppigheit av hovudpinen, og kor i hovudet den finn stad.

Basert på resultata frå utreiinga får pasientane eit behandlingsopplegg mot hovudpina, til dømes med bruk av medisinar eller fysioterapeutiske øvingar. Behandlinga blir så diskutert mellom forskarane for å veksle erfaringar og kunnskap rundt dette.

Molde sjukehus
 
DELTAKANDE SENTER: Molde sjukehus representerer Helse Møre og Romsdal i CovaxHEAD, og deltek i studien saman med syv andre sentrar på tvers av Noreg. (Foto: Helse Møre og Romsdal)

Forskarane tar også blodprøver, MR av hovudet, og hos nokre pasientar analysar av spinalvæske og PET-scan av hjernen for å kunne kartlegge hovudpinetypen. Med dette kan dei i tillegg beskrive og vurdere effekt av behandlinga pasientane får. Pasientane blir fulgt opp i seks månader frå dei blir inkludert i studien.

- Det har vore viktig å prøve å systematisere ulike opplysingar for å sjå om det er ein spesiell type hovudpine, om det er spesielle pasientgrupper som får dette, og om det er spesifikke vaksinar som gir meir biverknader enn andre, seier Morsund.​

Gjennom dette kan forskarane undersøke korleis hovudpinen artar seg, og sjå på moglege likskapsteikn med andre hovudpinesjukdommar, til dømes migrene eller spenningshovudpine.

- Kan betre behandlingstilbodet som pasientane får

Aamodt

Overlege og seniorforskar Anne Hege Aamodt er prosjektleiar i CovaxHEAD (Foto: Øystein Horgmo, UiO)

Overlege Anne Hege Aamodt er seniorforskar og prosjektleiar i CovaxHEAD-studien, og seier dette nasjonale samarbeidsprosjektet kan ha betyding for framtidig behandling av pasientar med denne hovudpinetypen.

I tillegg kan den gi meir kunnskap om karakteristikkane og faktorane bak hovudpinetypen.

- Vi trur også prosjektet kan gi meir innsikt generelt i sekundære hovudpineformer og bidra til å betre behandlingstilbodet som pasientane får, seier Aamodt.

- Studien kan gi fleire detaljar om denne hovudpinen​. Det blir interessant å sjå i kva grad dette er ein spesiell type hovudpine eller om det er ei forverring av allereie kjente hovudpineformer, legg til Morsund.

MERK: CovaxHEAD-studien er for tida lukka for inklusjon. Dersom du har vedvarande plagar med hovudpine, rådast du til å ta det opp med din fastlege som eventuelt kan starte førebyggande behandling og vise deg til spesialisthelsetenesta ved behov.​

​Ønskjer du meir informasjon om vaksinar og korona-vaksina?HelseNorge​​​ finn du mykje informasjon om vaksinar.​

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.