Forskingsnyheiter
Molde-forskar presenterte funn på nordisk forskingskonferanse
Marit Husby er onkolog ved Kreftpoliklinikken i Molde, og stipendiat ved Høgskulen i Molde. I doktorgradsprosjektet sitt undersøkjer ho samanhengar mellom sepsis og kreft ved hjelp av nasjonale registerdata. I prosjektet har dei opplysingar om alle pasientar over 18 år som var innlagde med sepsis i norske sjukehus i perioden 2008-2021.
Førre veke deltok Husby på Nordic Conference of Epidemiology and Register-Based Health Research (NordicEpi) i København. Der presenterte ho data frå det første delprosjektet sitt, der ho har undersøkt kva som kjenneteiknar kreftpasientar som får sepsis, og korleis dødelegheita for denne gruppa har utvikla seg over tid samanlikna med pasientar utan kreft.
- Vi finn at kreftpasientar utgjer ein betydeleg del av sepsispasientane i norske sjukehus, og at dei har meir enn dobbelt så høg risiko for å døy av sepsis samanlikna med pasientar utan kreft. Heldigvis ser vi at sepsisdødelegheita går ned i studieperioden både for pasientar med og utan kreft, men pasientar utan kreft ser ut til å ha hatt ei noko betre utvikling enn pasientar med kreft, seier Husby.
Ho legg til at sjølv om der er store framsteg innan kreftbehandling og –prognose i studieperioden, opplever kreftpasientar framleis høg sepsisdødelegheit.
- Forhåpentlegvis kan auka kunnskap om og fokus på sepsis hjå kreftpasientar bidra til å endre dette, avsluttar Husby.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.