Kva gjer vi i Helse Møre og Romsdal?
Her er nokre av satsingane i Helse Møre og Romsdal med fokus på kloke val:
-
Beslutningsstøtte ved billeddiagnostikk for å unngå overdiagnostikk innan radiologi. Les meir
-
Behovsstyrt poliklinikk for fleire fagområde. Sjå våre digitale helsetenester
-
Fleire felles tilvisingsmottak (ortopedi, hud, fys.med) for å unngå uønska variasjon og overbehandling.
-
«Ikkje stikk meg utan grunn» - eit forbetringsarbeid som skal bidra til å redusere talet på unødvendige blodprøver.
-
Prosjekt Samhandlingsoptimaliering med HP (SamOpp) som skal styrke samarbeidet om heilheiteleg pasientforløp og bidra til sømlause overgangar mellom kommune og føretak.
-
Pasientsentrert helseteneste team (PSHT) som skal styrke utskrivingsprosessen for skrøpelege eldre for å førebygge reinnleggingar på sjukehus og pasienten skal få reise raskare heim frå sjukehus med nødvendig oppfølging.
-
Oppgåvegliding mellom legar og sjukepleiarar, ortopedar og fysioterapeutar for å unngå unødvendige legekontrollar.
- Vi tar i bruk Kunstig intelligens for best mogleg diagnostikk, behandling og kommunikasjon i våre tenester. Sjå våre KI-satsingar - Helse Møre og Romsdal


