Illustrasjon: Labtenester

Laboratorietenester

Vi tilbyr analysar innan medisinsk mikrobiologi, medisinsk biokjemi og patologi. I tillegg tilbyr avdelingane rådgiving og tolking av analysesvar.

Nytt frå laboratoria i klinikk for diagnostikk. Medisinsk biokjemi og blodbank, mikrobiologi og patologi.

Alle saker frå Bioposten finn du her.

​Ansvarlig redaktør

Avdelingssjef Brit Valaas Viddal, avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank.
brit.valaas.viddal@helse-mr.no

Ta gjerne kontakt med oss for spørsmål og innspel.

Laboratorie/- brukarhandboka gir ei oversikt over analysar vi gjer ved laboratoria i Helse Møre og Romsdal og ei rettleiing i korleis prøvene skal takast. Informasjonen er primært retta mot helsepersonell.

Brukarhandbok medisinsk biokjemi og blodbank

Brukarhandbok medisinsk mikrobiologi

Brukarhandbok patologi

 

Ny bestillingsportal vert innført for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge

Du kan alt no førehandsregistrere di eining (til dømes legekontor/sjukeheim) i portalen slik at de er klare til å bestilling når løysinga vert tatt i bruk frå 22.04.2024.

Vi vil då framleis tilby våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

For å registrere deg går du til Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no) og trykker på knappen for «Opprett bruker».

Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 

Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.

Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.prøvetakingsutstyr@stolav.no 

OBS! 
For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.prøvetakingsutstyr@stolav.no 
 
Bestillingar fram til ny løysing vert tatt i bruk 22.04.2024

Vi tilbyr våre rekvirentar elektronisk bestilling av prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar. Under kvar avdeling finn du aktuelle bestillingsskjema.

Vi gjer merksam på at vi leverer gratis utstyr på vilkår av at prøvene blir rekvirerte og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

 
Medisinsk biokjemi, Kristiansund

Medisinsk biokjemi, Molde

Medisinsk biokjemi, Ålesund - Samla bestilling av prøvetakingsutstyr, alle laboratoriefag​

Medisinsk biokjemi - Rekvisisjon for sædundersøkelse

Medisinsk mikrobiologi

Patologi

HP Link for rekvirering av laboratorietenester 

HP Link er ei webløysning som gjer det mogleg med elektronisk rekvirering frå primærhelsetenesta til alle sjukehuslaboratoria i Midt-Norge.

Oppsett og bruk av HP Link er gratis, inkludert skrivarar og opplæring. Det er ingen kostnader eller bindingstid. Aktuelle legekontor vil verte kontakta for utrulling. 

Meir informasjon finnast på HP-link sine eigne nettsider: Meir informasjon om HP-link finn du her.

Ta kontakt med brit.valaas.viddal@helse-mr.no​ om du er interessert i demonstrasjon eller overgang til HP-link. 

IHR rekvireringsløysing 

IHR er eit elektronisk verktøy for samhandling mellom primærhelsetenesta og helseføretaka. IHR er enkelt å lære, enkelt i bruk og integrert med journalsystemet til legekontora. IHR vil verte fasa ut i løpet av 2024 og erstatta med HP-link. 

Behov for brukarstøtte IHR
Hugseliste for legekontora som har teke i bruk IHR
Prøvetaking ved sykehuslaboratoriet
Innstillingar for etikettskrivar
Vedlikehold av etikettskrivar, ZebraskriverGX420t
Brukerveiledning IHR og CGM Journal - legge opp ikon

Klinikksjef Per Erik Tødenes. ​

Medisinsk biokjemi og blodbank

Gir råd om, analyserer og tolkar dei laboratorieprøvene rekvirentane treng som beslutningsgrunnlag i forebyggande helsearbeid, diagnostisering og behandling av pasienten.
Les om våre tenester
Avdeling for medisinsk biokjemi

Medisinsk mikrobiologi

Påviser mikroorganismar som kan føre til sjukdom hos mennesker og den immunologiske responsen ved infeksjonssjukdomar.

Les om våre tenester
Agarmedie

Patologi

Undersøker og besvarer biopsiar og cytologiske prøver og utfører obduksjonar. Har ansvar for diagnostikk basert på undersøking av vev og celler.

Les om våre tenester
Et nærbilde av et mikroskopisk bilde
Sist oppdatert 25.04.2024