En person som holder en presentasjon

Samhandlingslegar

Samarbeidsordninga for spesialisthelsetenesta og fastlegane har som mål å styrke samarbeidet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Stian Endresen
Fastlege Ulstein kommune, leiar for samhandlingsordninga i Helse Møre og Romsdal
 

Nordre Sunnmøre

Sofie Møller-Christensen
Fastlege Giske kommune, samhandlingslege
E-post: sofie.moller-christensen@helse-mr.no

Søre Sunnmøre

Håvard Ramsli
Fastlege Herøy kommune, samhandlingslege
Havard.Ramsli@helse-mr.no
 

Romsdal

Thilde Camilla Svela
Fastlege Molde kommune, samhandlingslege
 

Nordmøre

Andreas Nybrott Hals
Fastlege Kristiansund kommune, samhandlingslege
 

Helsetenester for barn og unge

Stian Endresen

Samhandlingslegane medverkar til auka samhandling mellom allmennleger og sjukehusleger. Hovudoppgåva er å betre samarbeidet mellom legar i kommunehelsetenesta og legar i sjukehus innafor tema knytt til  diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar.
 
Samhandlingslegane arbeider mellom anna med forbetring av tilvisingar og epikriser og for å styrke heilheita i pasientforløpa. Samhandlingslegane har både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta som sin arbeidsarena. Samhandlingslegane får innspel både frå leiing og legar i sjukehus og kommunar om samarbeidsutfordringer som kan oppstå  mellom fastleger og legar i sjukehus. Ei særleg viktig oppgåve er å arrangere faglege møteplassar for legane i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta slik at ein har muligheit å møtes for å presentere og diskutere ulike faglege spørsmål, eksempelvis knytt til utvikling i pasientbehandling og digital kommunikasjon.
 
Samarbeidsordninga for spesialisthelsetenesta og fastlegane utgjer 1,3 stillingar i Møre og Romsdal og omfattar fleire legar i brøkstillingar. Kommunane i Møre og Romsdal med på å delfinansiere ordninga. Tidlegare vart ordninga kalla praksiskonsulentordninga.
 

Retningslinjene er utarbeida i samarbeid mellom klinikkane , 3 kommuneoverlegar og samhandlingslegane som representant for fastlegene i dei 4 ulike lokalsjukehusområda. Målet med dokumenta er å ha ein skriftlig rettleiar for oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane. 
 
Ein finn retningslinjene samla under Møteplass Møre og Romsdal.​ Ein har vidareført eit mangeårig godt samarbeid, men mellom anna av pasientsikkerheitsgrunnar har ein sett behovet for å gjere denne oppgåvefordelinga skriftleg. Dokumentet er oppdatert i 2022 og har vore til høyring i Strategisk samarbeidsutval i den nye samarbeidsstrukturen Helsefellesskap Møre og Romsdal​.
 
Dei fatta følgande vedtak «Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal ønskjer at behandlarar i Møre og Romsdal skal følgje de anbefalingar som gis i ”Møteplass Møre og Romsdal”. Retningslinene er oppdatert og godkjent frå 2023:
 

Vi har ei ønska utvikling innan medisin der ny kunnskap og ny teknologi gjer at oppgåver no kan få ny behandlingsstad. Dette gjer at «rett oppgåve på rett stad til rett tid» i dag ofte skjer nærare heimen til pasienten enn for berre få år sidan. 
Oppgåver vert flytta frå St. Olavs Hospital til sjukehusa i Møre og Romsdal og oppgåver vert flytta frå sjukehusa til kommunane. Det kan også vere nokre oppgåver som vert flytta frå helsevesenet til pasientane. Oftast vert oppgåvene flytta nedover i behandlingskjeda, men ny kunnskap kan gi moglegheiter til at oppgåver også kan flyttast oppover i systemet.

Vurdering

Nokre gonger kan ein som klinikkar eller leiar stille spørsmål om oppgåva vert gjort på feil stad eller til feil tid. Dersom ein finn ei oppgåve som ein meiner burde vore utført på eit anna behandlingsnivå anbefaler Helse Møre og Romsdal HF at ein nytter vurderingsskjemaet som Norsk foreining for allmennmedisin (NFA) har utarbeidd. Dette er eit verktøy i analysen av om oppgåvene vert gjort på rett sted og kva som må til for at oppgåva kan verte flytta til ein annan behandlingsstad. 

Vi anbefaler å sende forslag med utfylt skjema til leiar Stian Endresen i Faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid​. Slik kan ein sikre ei god vurdering og forankring blant behandlarar i Helse Møre og Romsdal HF, i kommunane og i brukarutval før ein eventuelt gjer ei flytting av oppgåver. 

Her finn du Vurderingsskjema ved omfordeling av oppgåver mellom spesialisthelseteneste og fastleger/leger i kommunehelsetenesta


Møteplass Møre og Romsdal består av flere ulike tiltak som skal sikre samhandling og oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane for å få til mest mogleg utredning og behandling


Sist oppdatert 02.01.2024