Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei gruppe menneske jobbar i lag, med puslebrikkar som eit symbol på samarbeid.

Nettverk for læring og meistring på tvers av helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

Det er etablert eit fagleg nettverk for tilsette som arbeider med læring, meistring og helsekompetanse i Møre og Romsdal. Nettverket rettar seg særleg mot tilsette som jobbar med gruppebaserte tilbod, og har som mål å styrke samarbeidet mellom kommunane og helseføretaket. Målet er å utvikle gode, samordna tilbod for pasientar, pårørande og innbyggarar – og bidra til at fleire kan førebygge sjukdom, leve betre med helsetilstandane sine og stå sterkare i eiga helse.

Nettverket skal vere ein fast møteplass der fagpersonar frå heile regionen lærer av kvarandre, deler erfaringar og utviklar kunnskap. Midlane som er løyvde til nettverket skal legge grunnlaget for eit langsiktig og robust samarbeid som kjem innbyggjarane til gode.

Den 24. november vart det gjennomført ein regional konferanse med om lag 70 deltakarar, med helsekompetanse som hovudtema. Konferansen vart arrangert med støtte frå Helsefellesskapet Møre og Romsdal, og markerte starten på arbeidet med å bygge ein varig arena for fagutvikling og samarbeid i regionen.

Nettverket skal vere ein ressurs både for kommunane, Helse Møre og Romsdal og brukarorganisasjonar. Gjennom felles møteplassar og samhandling skal vi styrke kjennskapen til kvarandre sine tilbod, og bidra til betre fagleg kvalitet innan læring og meistring i kurs-, gruppe- og opplæringstilbod.

Arbeidsgruppa for nettverket

  • Merethe Brungot Kløvning, pårørandekoordinator, Ålesund kommune
  • Runhild K. Hauffen, koordinator, Frisklivssentralen i Molde kommune
  • Ingunn Botnmark, fysioterapeut, Frisklivssentralen i Vanylven kommune
  • Torill Aarskog Skorpen, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Møre og Romsdal
  • Per Magnus Hatlehol, rådgivar, KORUS Midt-Norge
  • Marita Øye, rådgiver, Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal
  • Astrid Ljøkjell Solem, teamkoordinator, Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal
Sist oppdatert 14.04.2026