Fastlegeportalen
Tilvising til radiologiske undersøkingar under førebuing til Helseplattformen
I samband med innføring av Helseplattformen er vi i full gang med opplæring av tilsette. Dette vil føre til lengre ventetid på enkelte undersøkingar. Her finn du nokre tiltak for å korte ned ventetida.
Timeavtalar
Det er ikkje nødvendig for pasient å ringe for å avtale time. Vi tek kontakt med pasienten direkte på telefon dersom vi kan tilby time innan kort tid (telefon/sms). Det vil vere redusert kapasitet på merkantilt personell og det kan derfor vere vanskeleg å få svar på sentralbordet vårt.
Drop-in for røntgen thorax
Vi har framleis tilbod om drop-in for røntgen thorax. Send tilvising til røntgen thorax og merk tilvising med drop-in dersom pasienten ønsker dette. Informer pasienten om våre tidspunkt for drop in:
Måndag – fredag kl 9.00 – 11.00 og kl 12.30 – 14.30.
I tillegg til elektronisk tilvising, må pasienten ha med tilvising på papir sidan det av og til kan vere forsinkingar/feil i sending av elektronisk tilvising.
Vi minner om at pasientar med fleire undersøkingar på same tilvising ikkje skal sendast som drop-in. Vi ønsker å kalle inn desse pasienten til time for å tilpasse dei inn i det daglege programoppsettet vårt.
Tilvise følgande undersøkingar til Evidia Ålesund
Kompenserande tiltak ved Ålesund og Volda sjukehus. Tilvisingar til Molde og Kristiansund sjukehus skal gå som normalt.
Merk at dette ikkje gjeld barn, pakkeforløp og kreftkontrollar i aktiv behandling. Desse pasientane skal framleis tilvisast til oss.
- Demensutgreiingar til MR
- Generell røntgen (NB! Ikkje gastroundersøkingar)
- CT utgreiingar (t.d. thorax, abdomen, bekken, caput, bihule, ØNH etc)
- MR utgreiingar (t.d. muskel/skjelett, kne, skulder, rygg, caput med uspesifikke symptom etc)
Tiltaket gjeld fram til august 2024. Vi sender ut ny informasjon ved eventuelle endringar i praksis.
Akutt eller ikkje?
Vi opplev at vi får inn tilvisingar akutt på skadar som har oppstått for fleire veker sidan. Det er viktig at skadar som dette blir tilvist, vurdert og prioritert i vanleg tilvisingsflyt.