Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Blomstereng med tusenfryd

Palliativt team Ålesund

Palliativt team er ei tverrfagleg gruppe som gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi samarbeider med fleire yrkesgrupper og har ein spesiell kompetanse innen kreft, palliasjon og anestesi. Vi ønsker at pasient og pårørande skal oppleve best mogleg livskvalitet.

Palliativ (lindrande) behandling er definert som aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar som har ein sjukdom ein ikkje blir frisk av. Palliativt team ønsker å legge til rette for at pasienten får vere mest mogleg heime, eller så nær heimen som mogleg. 

Vi vil samarbeide om god organisering av tenester som den enkelte pasient og pårørande har behov for. Vi arbeider for å styrke fagkunnskap hos helsepersonell gjennom rådgiving og undervisning. Teamet er eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunane.

Kven kan følgast opp av palliativt team?

Palliativt team tilbyr eigne konsultasjonar for pasientar med: 

  • Kreft
  • KOLS

Teamet kan gi råd til helsepersonell uavhengig av diagnose, men eigne konsultasjonar blir berre gitt til diagnosegruppene over. 

Palliativ eining - sengeplasser

Palliativ eining disponerer senger på kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. Desse sengene er for pasientar med kreftsjukdom. Pasientar med andre diagnosar får oppfølging poliklinisk eller via tilsyn frå palliativt team på andre avdelingar. 

Målet med lindrande behandling

  • Pasient og pårørande opplever best mogeleg livskvalitet.
  • Pasient og pårørande er ivaretatt både på sjukehus og i kommunen.

Dette kan ein oppnå ved å:

  • Forebygge og lindre fysiske, psykiske, sosiale og åndelege/ eksistensielle utfordringar.  
  • Gi støtte til pasient og pårørande.
  • Gi tverrfagleg tilnærming.
  • Spreie kompetanse om lindrande behandling og pleie.
  • Legge til rette for at pasienten kan vere heime så lenge som muleg.
  • Samarbeide nært med primærhelsetenesten.

Kva kan vi tilby?

  • Polikliniske konsultasjonar.
  • Vurderingsbesøk heime eller på sjukeheim/sjukehusavdelingar saman med ansvarleg lege/sjukepleiar.
  • Hjelp til koordinering og tilrettelegging ved utskriving frå sjukehus.
  • Rådgjeving, rettleiing og undervising til helsepersonell.
  • Nært samarbeid med kreftkoordinatorane i kommuna.
  • Vi planlegg oppfølginga di ut i frå korleis vi forventar at sjukdommen din vil utvikle seg. 
  • I periodar der sjukdommen og symptoma endrar seg mykje vil det kanskje vere nødvendig med tettare og meir regelmessig oppfølging. 

Kven er lindrande (palliativt) team?

  • Ei tverrfagleg samansett gruppe som kan gi råd og rettleiing innan lindrande behandling.
  • Når pasienten er heime blir han følgt opp av fastlege. Er pasienten på sjukeheim er det tilsynslegen som har ansvaret.

Kompetansen teamet har tilgang på

  • Lege med spesialkompetanse i anestesi, smertebehandling, kreftbehandling og lindrande behandling
  • Sjukepleiar med vidareutdanning i kreftsjukepleie og palliasjon
  • Fysioterapeut
  • Sosionom
  • Prest
  • Ernæringsfysiolog
  • Ergoterapeut  

Få oversikt over tilbodet i din kommune

Ein kreftkoordinator i kommunen skal ha oversikt over kva som finst av tilbod og moglegheiter der du bur. 

Her ser du kva kommunar som har kreftkoordinator (kreftforeningen.no)



Kontakt

Telefon

Pasientansvarleg lege eller sjukepleiar kan ta direkte kontakt med teamet for rådføring/drøfting av aktuelle problemstillingar.

Tilvising

Ansvarleg lege sender skriftleg tilvising med utfylt symptomregistreringsskjema (ESAS).

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Åsehaugen 17. Kreftavdelinga, ved poliklinikken i 1. etasje. 

Ei bygning med overbygd inngangsparti

Kreftavdelinga

Åsehaugen 17

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

  1. Du kan følge gangvegen ned Åsehaugen, forbi Spar-butikken, gå ca 100 meter før du tar til høgre der du ser skilting til Kreftavdelinga. 
  2. Du kan gå via parkeringshuset, der du tar trappa/heisen ned til første etasje. Herifrå tar du til venstre og går rundt sjukehuset, forbi Barne- og ungdomsavdelinga før du kjem til Kreftavdelinga.

Det tar nokre minutt å gå frå busstoppet til avdelinga. 

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Barneavdelinga og kreftavdelinga har noko parkering utanfor Barne- og ungdomsavdelinga. Her er det parkeringsautomat på staden. Du registrerer deg på automaten når du kjem, og kan avslutte parkeringa når du kjem tilbake dersom du ikkje har brukt all parkeringstida di. Du kan også betale med app (Parkly og EasyPark)

 

Du kan også parkere i parkeringshuset ved sjukehuset. Då tar det nokre minutt å gå rundt på utsida av sjukehuset til avdelinga.

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet på Hjelset

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Volda

Pusterommet i Ålesund