
Stråleterapien, Ålesund
Stråleterapiavdelinga har to moderne behandlingsmaskiner. Vi gir strålebehandling til dei aller fleste pasientgrupper. Strålebehandlinga vert planlagt og gjennomført i eit tverrfagleg samarbeid mellom lege, medisinsk fysikar og stråleterapeut. I tillegg har vi ingeniørar som sørgjer for at det tekniske utstyret fungerer etter føreskriftene og sekretærar som tek imot deg når du kjem.
Vi har laga ein video som gir deg ein introduksjon til det som skjer når du er pasient hos oss.

Kontakt
Telefon
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Stråleterapien finn du i første etasjen på kreftavdelinga.
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Opningstider Stråleterapien
- I dag 08:00 - 15:30
Praktisk informasjon
Vardesenteret
Vardesenteret i Møre og Romsdal er etablert med eit nytt bygg ved Ålesund sjukehus og eit satelittvardesenter i Pusterommet sine lokale ved SNR Kristiansund. Vardesenteret er ein gratis møteplass i samarbeid med Kreftforeningen for alle som er ramma av kreft. Du er like velkommen om du er pårørande, etterlatt, noverande eller tidlegare kreftpasient.
