Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Påfyll: med einsemd på menyen

Måndag 29. april var det igjen tid for det populærvitskapelege programmet «Påfyll», der ein bukett ekspertar møtes til ein samtale om det som rører på seg i samfunnet. Førre gang var temaet kunstig intelligens, denne gongen fekk vi høyre ulike perspektiv og tankar rundt einsemd og det å føle seg utanfor.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 03.05.2024
En gruppe mennesker som sitter i en sofa
F. v. Thomas Seltzer, Kristian August Tjelle, Lehart Eriksen og Helen Berg i sofaen i Foajeen på Parken Kulturhus for "Påfyll".

Det er utan tvil eit høgst aktuelt tema. Pandemi, trongare økonomiske tider og ei stadig meir automatisert verd har på mange måtar synleggjort dei store sosiale forskjellane i samfunnet. Men kva vil det sei å vere aleine, og kvifor kan dette vere farleg? 

Dette er spørsmål som psykologspesialist og Ph.d.-kandidat Kristian August Tjelle er oppteken av. Han jobbar mykje med unge pasientar ved Knausensenteret i Molde, er tilknytt forskingsgruppa for OCD og angstlidingar leia av Kristen Hagen og var Helse Møre og Romsdal sin representant denne kvelden. Han kom med mange gode innspel i samtale med programvert Bjørn Vatne. 

En mann som sitter ved siden av en annen mann
Kristian August Tjelle i samtale med programvert Bjørn Vatne. (Foto: Børge Sandnes/NTNU)

 

- Einsemd som fenomen handlar om at eins eigne sosiale behov ikkje blir møtt på ein tilfredsstillande måte. Vi menneske varierer valdsamt i forhold til dette, så ein kan seie at vi har veldig forskjellige tersklar med tanke på kor mykje det skal til for at ein opplever seg einsam, men at dei skadelege verknadane av dette er der for alle, forklarte Tjelle. 

Steinalderhjerne

- Kva meiner du med skadelege verknader, spurte Vatne. 

Tjelle forklarte at ein må langt tilbake i tid for å forstå korleis den menneskelege psyken verkar.  

- Vi har eksistert på jorda i mange, mange år. Det har vore heilt avgjerande for menneske å vere ein del av ein flokk for å overleve. Du kan seie at på mange måtar har vi ei steinalderhjerne i eit moderne samfunn, og det kan by på utfordringar. For å sette det i eit tidshistorisk perspektiv så har det å vere isolert og utstøytt nesten vore synonymt med ein dødsdom. Difor har hjernen vår lært seg assosiere einsemd og isolasjon med alvorleg fare. 

Tjelle la til at sjølv om vi i notida har helsefagleg hjelp tilgjengeleg, så er det ikkje alltid at hjernen spelar på lag.  

Menn sitter i stoler
Kristian August Tjelle i samtale med programvert Bjørn Vatne. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

 

Pandemi og isolasjon

Vidare reflekterte Tjelle rundt korleis pandemien har satt sine spor.  

- Urhjernen vår kan ikkje norsk, men den er betre på kroppsspråk. Og det er ikkje lenge sidan vi blei oppfordra til å oppføre oss som om at sosial kontakt er farleg og det kan sette sine spor. 

Han poengterte òg at det er veldig individuelt kor mykje sosial kontakt ein person har behov for. Nokon er nøgde med ein eller to nære relasjonar, medan andre har tosifra antal gode vener. Sjølv om antalet kan varierer er det felles for alle at vi treng meiningsfulle tilknytingar. 

Tabu tema

TV-profil og musikar Thomas Seltzer er eit kjent namn for mange. Han var òg gjest denne kvelden, og blanda humor med alvor då han kommenterte ein dyster statistikk kring økonomisk uro. 

En mann med hatt og briller
Thomas Seltzer delte sine refleksjonar. (Foto: Børge Sandnes/NTNU)

 

- Eg las ei undersøking for ei tid tilbake, og ho ga meg skikkeleg bakoversveis. Den viste at ein av fire foreldre har lagt seg svolten om kvelden, og då snakkar vi ikkje om 5:2-dietten, men rett og slett pengemangel kor ein lar barna ete først. Spør du meg så har vi ikkje hatt det slik i Noreg sidan 30-talet, utanom under krigen med rasjonering. Men få tør å prate om dette, det er rett og slett tabu, slo Seltzer fast.  

Tok livet tilbake

Publikum fekk òg høyre frå ei kvinne som verkeleg hadde fått kjenne angst på kroppen. Alice Karlsbakk fortalte korleis ho gradvis isolerte seg meir og meir på grunn av ein aukande sosial angst. Det gjekk so langt at ho ikkje klarte å sitte attmed kollegane sine lengre, og ho lukka seg inne i seg sjølv. 

I dag takker ho Fontenehuset i Ålesund for at ho klarer å stå på scena og formidle si historie.  

Inspirerande, meiner Tjelle. 

- Eg synes det var ei utruleg fin forteljing, det var stort av Alice å stå fram. Ho sette veldig fint ord på det. Når psyken vår bikkar over i psykisk liding fungerer hjernen vår enda meir primitivt, noko som kan gjere det vanskelegare å bryte ut av fastlåste mønstre på eiga hand.  Men noko av det finaste med å jobbe som psykolog er å få vere vitne til at folk tek tilbake liva sine, saTjelle.

Innimellom innslaga fekk publikum fin song frå koret “Piker Vin og Sang”. Og det å synge i kor kan nettopp vere eit tiltak mot einsemd. Det synes i alle fall Tjelle.  

- Det å melde seg inn i kor oppfyller tre ting ein fritidsaktivitet bør innehalde. Det eine er det sosiale samhaldet, det andre er at det bør vere ein meiningsfull aktivitet, og det tredje er meistring. Så viss ein kan kombinere desse tre i ein aktivitet, då er du godt i gang, avslutta han. 



Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​ #forskinghmr