Korleis bør born i seteleie fødast?
Norge har lenge vore langt framme på vaginal forløysing av barn i seteleie. Det er ein praksis vi bør fortsette med, bekrefter ny forsking frå Helse Møre og Romsdal. Torsdag 29. oktober 2020 disputerte fødselslege ved sjukehuset i Ålesund, Solveig Bjellmo.
![Torsdag 29. oktober er det mogleg å følgje fødselslege ved sjukehuset i Ålesund, Solveig Bjellmo, sin digitale disputas.](/4a7ef3/contentassets/adbd4b1408f44193a84e37ec21b1f70f/solveigbjellmo2.jpg?width=1732&height=1154&quality=80&format=webp)
Torsdag 29. oktober er det mogleg å følgje fødselslege ved sjukehuset i Ålesund, Solveig Bjellmo, sin digitale disputas.
Korleis bør born i seteleie fødast?
Norge har lenge vore langt framme på vaginal forløysing av barn i seteleie. Det er ein praksis vi bør fortsette med, bekrefter ny forsking frå Helse Møre og Romsdal.
- Det er så mange myter rundt det med seteleie og det er mykje informasjon der ute for gravide. Mange les nok også det dei har lyst til å høyre, og ein del av motivasjonen min bak studien var å bruke materialet til å gi kvinner meir kunnskap om vaginal fødsel og motivere for å føde slik, også ved setefødslar.
Det fortel fødselslege ved sjukehuset i Ålesund og doktorgradsstipendiat ved NTNU, Solveig Bjellmo. Ho er i ferd med å avslutte doktorgrada rundt eitt av dei mest kontroversielle spørsmåla i moderne obstetrikk: Korleis skal eit foster som ligg i seteleie til termin fødast? Skal det alltid gjerast planlagt keisarsnitt, eller vil det vere best for barnet å bli født vaginalt?
Du finn nærare informasjon om prosjektet her og detaljar rundt disputas på
NTNU sine sider.