Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Strålebehandling
Strålebehandling bruker vi både ved heilande og lindrande behandling av kreftsjukdom, og for å førebygge utvikling av sjukdommen. Strålebehandling blir gitt så målretta som mogleg for å gjere minst mogleg skade på friskt vev.
Velkomen til stråleterapien
Vi har laga ein video som gir deg ein introduksjon til det som skjer når du er pasient hos oss.
All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legane vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose vi skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulsttype, størrelse, lokalisasjon og hensikta med behandlinga. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.
Vi tar alltid CT-bilete av den delen av kroppen vi skal behandle. Nokre gongar skal vi også ha bilde frå MR og PET. Bileta blir brukt til å lage ein individuelt tilpassa strålebehandlingsplan (doseplan). Nokre skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (dvs. røntgenkontrastmiddel satt inn i ein blodåre) ved CT-undersøkinga. På CT vil det bli teikna med tusj på huda di. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. Tusjstrekane skal ikkje vaskast bort.
CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.
Det er viktig at huda er tørr og rein før strålebehandlinga. Ikkje smør salve på huda i strålefeltet før stråling. Vi frårår karbad/symjehall under behandlinga og så lenge det er reaksjon i huda. Vatn frå badekar blir raskt forureina. Klor kan irritere og tørke ut huda.
For å irritere huda minst mogleg bør du:
Bruke lunka vatn og lågt trykk på dusjen. Ikkje skrubbe eller gni.
Bruke uparfymert såpe med nøytral PH-verdi viss du ønsker å bruke såpe.
Klappe huda tørr eller lufttørke.
Ved behov for barbering i strålefeltet bør du bruke barbermaskin, ikkje barberhøvel.
Vi anbefaler på det sterkaste at du sluttar å røyke, fordi:
røyking gir mindre oksygentilførsel til svulsten og reduserer dermed effekten av strålebehandlinga.
røyking aukar risikoen for å utvikle lungekreft, og røyking etter avslutta strålebehandling aukar denne risikoen ytterlegare.
røyking aukar risikoen for å utvikle enkelte biverknader av strålebehandling.
Under
Sjølve strålebehandlinga startar som regel i løpet av veka etter CT-undersøkinga, og blir utført av stråleterapeutar ved eit behandlingsapparat. Ved første behandlinga får du grundig informasjon, og du får utlevert ei liste over datoar og tidspunkt for resten av den planlagte behandlinga.
Behandlinga gir ein vanlegvis dagleg måndag til fredag. Kvar behandling tar cirka 10 - 30 minutt, men sjølve strålinga varer berre i eit par minutt og er heilt smertefri.
Det er fullt mogleg å ta med pårørande undervegs i behandlinga. Du representerer ikkje strålefare for omgivnadane dine og kan omgås andre akkurat som før.
Strålane som blir gitt ved strålebehandling kan samanliknast med strålane frå eit røntgenapparat, skilnaden er at dei har høgare energi. Ved strålebehandling blir cellene si evne til å dele seg påverka, slik at ein kreftsvulst vil kunne slutte å vekse, skrumpe inn og forsvinne. Stråling kan fjerne restar etter svulstvev som ikkje let seg fjerne ved operasjon, og kan og skrumpe inn ein svulst slik at han seinare kan fjernast kirurgisk.
Normalt vev har større toleranse for stråling enn svulstvev og har dermed betre evne til å reparere dei skadane som stråling medfører. Ved å dele opp den totale stråledosen i daglege doser blir denne effekten forsterka og gir normalt vev tid til reparasjon mellom kvar behandling.
Det er viktig å drikke godt under strålebehandlinga. Dette hjelper kroppen til å skilje ut avfallsstoff. Du bør drikke 1,5-2 liter om dagen.
Dersom du ikkje er innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege eller sjukepleiar på poliklinikken.
Strålebehandlinga kan gi ulike biverknader. Kva slags biverknader og graden av desse kjem an på stråledose, kva område på kroppen som blir behandla og størrelsen på strålefeltet. Helsepersonell gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva slags biverknader du kan forvente, samt tiltak mot desse.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.