Skisse av inngangspartiet ved DMS Kristiansund

Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund

DMS i Kristiansund

Gjennom DMS-prosjektet samarbeider Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune  og Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd (NIPR) om å utvikle helsetenestetilbodet i eit nytt og framtidsretta distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Målet er at du som innbyggar skal oppleve heilskap og samanheng i helsetenester du har behov for. 
 
DMS Kristiansund skal fysisk og digitalt gi helse- og omsorgstenester til befolkninga nært der dei bur, og samtidig vere eit attraktivt val for innbyggjarar i heile landet til planlagde dagkirurgiske inngrep.

Smilande helsepersonell i operasjonstøy

Illustrasjonsfoto: Kristin Støylen

Helse Møre og Romsdal skal tilby ​eit breitt somatisk tilbod med dagbehandling, poliklinikk og dagkirurgi. Helse Møre o​g Romsdal sitt tilbod inn i DMS-et har fått namnet SNR Kristiansund.​

Kristiansund kommune skal tilby tenester frå demenskoordin​ator og demensteamet, kreftkoordinator, sårsjukepleiar​, tenester for psykiske helse og rus og sengepostar som i dag er på Storhaugen helsehus. I tillegg vil det vere ein stad for kommuneoverlege, kommunepsykologar og seksjon for forvaltning, helse og omsorg. 

DMS-prosjektet skal også ​undersøke moglegheiter for helsetenester som kan ytast av nordmørskommunane og andre helserelaterte aktørar i senteret. 

Sist oppdatert 12.04.2024