Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk biokjemi og blodbank

Analyseoversikt for avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank

Analyseoversikta omfattar alle analysar som vert utført ved dei biokjemiske laboratoria og blodbankane i Helse Møre og Romsdal. Nokre av analysane vert berre utført på eitt eller to av laboratoria eller blodbankane. Dette vil kome fram ved elektronisk rekvirering. Analysar som ikkje vert utført ved alle laboratoria er merka.

Analysar som er omfatta av akkreditering er tilgjengelig under Analytisk variasjon​ og i akkrediteringsdokumentet Akkrediteringsomfang/Norsk Akkreditering (akkreditert.no). Dette gjeld for seksjonen i Ålesund. 

Ålesund er innvilga fleksibel akkreditering. Det vil seie at seksjonen kan gjere endringar i akkrediteringsomfanget fortløpande. Oppdatert oversikt finnast her: Akkrediteringsomfang - Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund. Ved manglande samsvar er det dette dokumentet som gjeld.
 
 
​Sjå også Lab handbok og kvalitetssikring av laboratorietenester for meir informasjon om våre tenester. 

Spørsmål eller innspel til analyselista kan rettast til avdelingssjef Brit Valaas Viddal​ eller laboratoriespesialist Lutz Schwettmann.​

Forklaring til analyseinstrument

Laboratoria i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank analyserer dei fleste analysane på utstyr frå Roche Diagnostics. Ålesund har instrumenta cobas c 702, e 801 og ISE, SNR Hjelset har instrumenta cobas c 703, e 801 og ISE Neo, Volda har instrumenta cobas c 501, e 601 og ISE og SNR Kristiansund har instrumenta cobas c 303, e 402 og ISE.

Hematologianalysar vert utført på Sysmex hematologiinstrument. Ålesund nyttar Sysmex XN, Volda har Sysmex XN og Sysmex XP og SNR Hjelset og SNR Kristiansund har Sysmex XR.  

Tillaging og farging av blodutstryk vert gjort på Sysmex SP-50/DI-60 (Ålesund og SNR Hjelset) og CellaVision DC-1 (Volda og SNR Kristiansund).

Koagulasjonsanalysar vert utført på analyseinstrumenta Sysmex CS 5100 (Hjelset og Ålesund) og Sysmex CS-2500 (Volda). 

Blodgassanalysar vert utført på RapidPoint 500 og ABL 90 Flex og Flex Plus.

Vi har i tillegg eit utval analyseinstrument for spesialanalysar, angitt under omtalen om den enkelte analysen. ​

Sist oppdatert 15.10.2025